| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | YTRE MOA

Ytre Moa, Årdal k.

590,- NOK INKL MVA

3,4 cm, bronse. Hengemykke, vikingtid.

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Hengesmykket er ein 1:1 replika av eit funn gjort ved arkeologisk utgraving av buplassen på Ytre Moa i 1960-åra. På grusterrassen på Ytre Moa i Øvre Årdal vart det påvist ei busetjing med tuftene etter seks mindre hus, samt meir enn 20 gravhaugar, ein bautastein og ei grav under flat mark. Lokaliteten er framleis mellom få utgravde vikingtids gardar, og har stått sentralt i drøftingar kring hustypar og brukseiningar i vikingtid.

Hengesmykket i forgylt bronse vart funne i golvlaget kring eldstaden i ei av hustuftene (tuft B). Dekorstilen (Borrestil) tidfestar smykket til 950-1000 f.Kr. Interressant er det også at smykket er klassifisert som uferdig. Stykket synest nystøypt med spor av fil - det vart også gjort funn av fil og andre småreiskapar som kan ha høyrt til ein bronsesmed. På den andre sida er det underleg at stykket vart forgylla dersom det var uferdig. Moglegvis vart smykket støypt på Ytre Moa.

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mann frå vikingtid, med kappespenne frå Lærdal og sko av Osebergtype.

 

Pendant from the Viking Age (800-1030 A.D.), based on an original finding from the deserted Viking Age farm at Ytre Moa, in Årdal kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Hängeschmuck aus der Wikingerzeit (800-1030 n.Chr.) nach einem Orginalfund aus dem Wikingerzeit Einödhof Ytre Moa, in der Årdal Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

Ytre Moa er i dag godt tilrettelagt for publikum med skilt og stiar. Du kan framleis studere tuft B (biletet) der hengesmykket vart funne - Vart voksmodellen skoren i lyset frå eldstaden inst i denne tufta? Klikk på biletet for Arkikon sin animasjon av tufta.

Arkikon har laga fleire animasjonar med rekonstruerte hus på Ytre Moa. Desse og mykje anna om staden finn du her.

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Var husa på Ytre Moa vanlege eller uvanlege i vikingtid? Var bonden også bronsestøypar og finsmed? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje

eit utsal (her) - og spekuler sjølv!